Hopp til innhold
X
Innhald

Halvdan Sivertsen

Halvdan Sivertsen,visesongar, -diktar og komponist. Sivertsen har gitt ut visesamlingar og ei rekkje plater med eigne viser som ofte hentar innhaldet sitt frå det nordnorske miljøet.

Halvdan Sivertsen, fødd 1950, er visesongar, -diktar og komponist. Sivertsen har gitt ut visesamlingar og ei rekkje plater med eigne viser som ofte hentar innhaldet sitt frå det nordnorske miljøet. 
Sivertsen gav ut den første plata i 1973, Halvdan 23 1/2 år og fekk det store gjennombtoret med songen Kjærlighetsvisa som kom ut på albumet Nordaførr i 1979.
Foto: Trondheim Havn, flickr.com CC BY 2 0
Foto: Trondheim Havn, flickr.com CC BY 2 0
Han har vore medlem av gruppa Gitarkameratane saman med Øystein Sunde, Lillebjørn Nilsen og Jan Eggum sidan 1988. Sivertsen har også delteke i barneprogram i fjernsynet.
 Halvdan Sivertsen fekk Spellemannprisen i 1981 og 1985, og saman med Gitarkameratene i 1990, 2001 og 2008.
Her framfører Halvdan Sivertsen nyskriven tekst til Bertine Zetlitz Skinte æ førr de  (Twisted little star), i TV 2- programmet Hver gang vi møtes:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.10.2013
Sist oppdatert: 25.10.2013