Faktaboks

Hans W. Brimi
Fødd
22. desember 1917, Vårdalen (Garmo) i Lom, Oppland
Død
14. juni 1998, Lom
Verke
Folkemusiker
Familie

Foreldre: Gårdbruker Carl William («Willi») Brimi (1893–1977) og hustru Anna Marie (1893–1986).

Hans W. Brimi
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Hans W. Brimi var ein felespelar frå Lom. Han var ein av dei viktigaste flatfelespelarane i Noreg på 1900-talet og gjorde flatfela godteken i kappleikar. I åra 1941–1973 vann han A-klassa for vanleg fele under Landskappleiken heile 13 gonger.

Bakgrunn

Hans W. Brimi var fødd i Lom i Oppland (no Innlandet). Etter folkeskulen gjekk han på Elverum folkehøgskule i 1937–1938 og på Klones landbruksskule i Vågå i 1938–1939.

Han dreiv garden Nordre Brimi saman med kona si Aslaug Brimi frå 1946 til 1975, parallelt med at han var spelemann.

Han tok til å spele fele i 9-årsalderen, då han snikra seg si eiga fele. Som 19-åring kjøpte han ei brukt fele, som han kom til å bruke livet ut.

Musikaren

Brimi var ein uvanleg aktiv konsertartist i inn- og utland. Saman med sin faste medmusikar Jon Faukstad gjennom mange år gjorde han to turnear til USA i 1976 og 1978, og han turnerte også i Sverige og på Island. Han spelte inn 400 slåttar for NRK frå 1936 og utover, og i 1970-åra var han ofte å sjå på norsk fjernsyn med gamaldansgruppa si.

Han var musikalsk leiar for Lom Spelemannslag gjennom tjue år, og frå 1977 var han fast instruktør på fele ved Ole Bull AkademietVoss. I siste halvdel av 1970-åra samarbeidde han med Rolf Myklebust i NRK om å samle inn folketonar frå Telemark, Engerdal, Trysil og Nordmøre.

Den gamle og nye ottadalsmusikken

Brimi var i hovudsak sjølvlært, men fekk viktige impulsar av spelemannen Ola Moløkken (1871–1957). Denne førte Brimi inn i den tradisjonelle ottadalsmusikken, som går tilbake til Jakup Olsen (gjerne omtalt som «flatfelas Myllarguten») og Per Kringelhaugen («Per Spelemann», 1830–1907).

Sentralt i repertoaret til Brimi stod tradisjonsmusikk frå Ottadalen, særleg frå hans eige distrikt, Vårdalen. Denne musikken har eit stort innslag av dansemusikk eller «leikar». Han skil seg også frå hardingfelemusikk frå Hardanger og Telemark gjennom eit sterkare mollpreg. Denne tonaliteten, slik det kan høyrast i spelet til Brimi, er likevel ikkje ein reinstemt mollskala. Samstundes framførte han ikkje berre tradisjonsmateriale, men komponerte óg sjølv ei rekkje slåttar og leikar for fele.

Med flatfele på kappleik

Brimi vann A-klassa for vanleg fele under Landskappleiken 13 gonger i åra 1941–1973 og er såleis den mestvinnande spelemannen i landskappleik. Det var lenge sporadisk deltaking på vanleg fele etter at det for første gong blei opna for konkurranse også på dette instrumentet i mellomkrigstida, og då Brimi vann i 1951 var han den einaste deltakaren.

Eit vendepunkt kom med Landskappleiken på Lom i 1954, der Brimi på nytt vann. Dette var den første landskappleiken som var lagt til eit «flatfeledistrikt», og deltakinga på fele var då merkbart større enn tidlegare. Brimi har mykje av æra for at vanleg fele etter kvart er blitt formelt godteken på lik line med hardingfelekappleikar.

Innspelingar

Brimi var aktiv i platestudio, både som soloartist og som studiomusikar. Hans eigen musikk er lydfesta i plata Hyljarhildring (1987, utvida cd-versjon 1997) med 19 eigne komposisjonar framførte på til saman 17 ulike felestille. Denne musikken er inspirert av seterliv på Brimisetra i Jotunheimen. Andre viktige plateutgivingar er Springleik og blåtoner (1982) med skodespelaren og songaren Pernille Anker, og Bak gamle dører (1986) med Jon Faukstad på trekkspel og Mary Barthelemy på fløyte.

Sonesonen Aslak Opsahl Brimi gav i 2006 ut Blå september. Plata inneheld Aslak sine eigne innspelingar av tradisjonsmusikk frå Ottadalen og komposisjonar av bestefaren, men òg ti opptak av Hans W. Brimi sjølv.

I 2009 blei ei innspeling med Brimi, Faukstad og Barthelemy, opphavleg laga for den amerikanske marknaden i 1979, gitt ut på nytt med tittelen Norwegian Folk Music. Folkemusikk frå Gudbrandsdalen. Brimi kan ein òg høyre på Spelemannslag på fele og hardingfele / Slåttar frå Lom, i serien Norsk folkemusikk (2009).

Utmerkingar

Brimi fekk ei rekkje utmerkingar og prisar for arbeidet sitt, mellom dei Kongens fortenestemedalje i gull i 1987.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bitustøyl, Kjell: "Hans W. på Akademiet: Brimi formidlar frå eventyrlivet sitt" i Spelemannsbladet 54, nr. 11/12 (1995), 20-23
  • Faukstad, Jon: "Hans W. (Willyson) Brimi" i Årbok for Gudbrandsdalen 57 (1989), 126-35
  • Myklebust, Rolf: 50 år med folkemusikk. Oslo 1982
  • Møller, Arvid: Den vare tonen. Meisterspelemannen Hans W. Brimi. Lesja 1997
  • Møller, Arvid: Hans med fela, Oslo 1977
  • Stauri, Rasmus: " Minneord: Hans W. Brimi (1917-1998)" i Årbok for Gudbrandsdalen 66 (1998), 195-97
  • Wibe, Bjørn: «Landskappleikane: Frå Bergen 1896 til Voss 1991», Årbok for norsk folkemusikk 1991

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg