Hopp til innhold
X
Innhald

Inger-Lise Eid

Inger-Lise Eid, fødd 1952, er frilansdansar og koreograf. Eid var leiar av Norsk Ballettforbund i åra 1984–89. Ho har vidare vore dekan ved Statens balletthøgskole frå 1995. Eid har medverka i Høvik Ballett, mange teater, Den Norske Opera og Rikskonsertane. Ho har også vore koreograf for scenehøgskulane og står bak fleire eigne koreografiske verk, mellom anna Den umulige hånd og Blodbryllup.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.10.2013
Sist oppdatert: 24.10.2013