Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Brekke

Jens Brekke, lærar, kulturarbeidar og songar frå Vik i Sogn. Han er ein framståande formidlar av Per Sivle si dikting, men har også skrive og framført ei rekkje eigne viser og småforteljingar.

Brekke er fødd 25. mai 1951 i Vik. Han er utdanna lærar og har undervist ved Flatbygdi skule og Vangsnes skule 1977–2002.

Han har turnert mykje i Folkeakademiet med Ottar Wiik og Ragnar Hove, med Ottar-viser og Jakob Sande-tekstar. Han har vore medlem av folkemusikkgruppa Skjerpehaugen, som har gjeve ut to LP-plater (Pao sognamaol, 1984, Veitla, 1987). Brekke har òg gitt ut ein kassett (Kista hev eg pakka, 1989). Brekke har gjennom mange år vore radiokåsør i NRK Sogn og Fjordane, og han har blitt kjend som humorist med hefteserien Illustrert tyleskap. Han har òg redigert lokalhistorie.
 
Som forfattar har Brekke gitt ut mellom anna Vetlaboki – eit songhefte for barnehagar, og fleire av bøkene til Per Sivle i nyutgåver. Han var ein av initiativtakarane til Sivlelaget og har vore leiar for dette laget sidan starten i 2002. Brekke vart tildelt Sogn og Fjordane sin fylkesmålpris i 1998, Vik kommune sin kulturpris 1999 og Sogn og Fjordane mållag sin målrospris i 2000.

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 10.12.2020