Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Wendelboe

Jens Wendelboe, fødd 1956, er trombonist, arrangør, komponist og orkesterleiar/dirigent. Wendelboe var med i Radiostorbandet i 1980–84 og har mellom anna spela med Jazzpunkensemblet, eige storband og leidd Oslo Groove Company. Dessutan har han medverka på diverse plater og teateroppsetjingar.
Wendelboe har sidan 1991 leidd Big Crazy Energy Band. Han gav ut to plater med dei og to plater med Crazy Energy Jazz Quartet i 1997 og 1998. Sidan 2006 har han vore fast trombonist i det amerikanske jazz/rock-bandet Blood, Sweat & Tears.
Sjå Jens Wendelboe i Blood, Sweat & Tears:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.10.2013
Sist oppdatert: 28.10.2013