Hopp til innhold
X
Innhald

Jo Strømgren

Jo Strømgren, fødd  1970, er dansar, koreograf og regissør.  Strømgren fekk internasjonal suksess med balletten A Dance Tribute to the Art of Football.

Jo Strømgren, fødd  1970, er dansar, koreograf og regissør.
Han er utdanna ved Statens Balletthøgskule.
Strømgren var ved Nye Carte Blanche i 1996–97, og frå 1998 i eige dansekompani, Jo Strømgren Kompani. Han vekte oppsikt med balletten A Dance Tribute to the Art of Football (1998), som har vore oppført i ei rekkje land. Strømgren har også koreografert for Nasjonalballetten og ei rekkje internasjonale kompani.
 
Foto: aktivioslo.no CC BY 2.0
Han fekk Heddaprisen for framsyninga There i 2002. Strømgren hadde også manus og regi i spelefilmen Mot Moskva (2003) saman med Runar Hodne. Dei seinare åra har Strømgren hatt mange oppdrag som teaterregissør, mellom anna på Nationaltheatret og Den Nationale Scene.
Sjå video frå framsyninga A Dance Tribute to the Art of Football

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.02.2014