Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Severin Svendsen

Johan Severin Svendsen, 1840–1911, var komponist og ein framståande dirigent. Svendsen er rekna som den store norske symfonikaren på 1800-talet. Han skreiv mellom anna to symfoniar, ein fiolinkonsert og mindre stykke som Fest-Polonaise, Norsk kunstnerkarneval, Fire Norske rapsodier og meir.
Som Edvard Grieg var han oppteken av norsk musikk, men folkemusikken er mindre tydeleg hos han. Svendsen budde frå 1883 i København, og han var kapellmeister ved Det kongelige Teater.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2014
Sist oppdatert: 09.01.2014