Faktaboks

Johannes Dahle
Fødd
28. desember 1890, Tinn, Telemark
Død
4. desember 1980
Johannes Dale med fela si.
Av /Norsk Industriarbeidermuseum..
Lisens: CC BY NC 4.0

Johannes Dahle var hardingfelespelar frå Telemark. Han var den første som spela i ei kyrkje.

Johannes Dahle var fødd i Tinn i Telemark. Han dreiv småbruket Myrvold i Atrå i Tinn. Han tok til å spele som tolvåring, og felespel lærte han framfor alt av farfaren Knut Johannesson Dahle, kjend som kjelda for Edvard Griegs Slåtter op. 72.

Johannes Dahle skal ha vore særs tru mot overleveringa frå farfar sin, både når det gjeld slåtteformer og naturtonalitet. Mellom dei som har lært felespel av Johannes Dahle, blir Olav Øyaland rekna for å vere den sentrale vidareføraren av «Dahle-tradisjonen».

Allereie i 1912 blei det gjort opptak av Johannes og farfaren Knut, og desse inneheld over 100 slåttar. Vidare gjorde NRK i perioden 1946–1964 til saman 434 opptak av Johannes Dahle. Dahle hadde eit repertoar på over 200 slåttar, og av desse hadde han laga nærmare 60 sjølv, til dømes «Tuntreet». Han var ei av dei viktigaste kjeldene til verket Norsk folkemusikk, serie 1: Hardingfeleslåttar. Her finst det 126 slåttenedteikningar etter han, der dei fleste er skrivne ned av Eivind Groven.

Buen Kulturverkstad har gitt ut NRK-opptak av Dahle på kassettane Tuntreet og Som gofa spøla (begge 1986). Han kan også høyrast på cd-utgivingane Håvardspel og Slåttar frå Telemark 1, begge frå 2009. Sistnemnde er ei nyutgiving av opptak frå plateserien Norsk folkemusikk (1953–1974).

Dahle skal ha vore den første som spela hardingfele i ei kyrkje. Det skjedde ved vigslinga av Atrå kyrkje i 1925, der mellom anna «St. Thomasklokkeslåtten» stod på programmet. Han spela òg ved ei nyinnviing her i 1954, då Øystein Orekås si nye utsmykking i form av rosemåling blei avduka.

kappleik deltok han for første gong i Skien i 1907, der han vann andrepremie. Seinare vann han tevlingar på fleire kappleikar, men han skal generelt ikkje ha vore nokon «premiejeger». Han blei heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn i 1958 og fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1965. Ei byste laga av kunstnaren Knut Skinnarland blei avduka i 1969 og står i Atrå samfunnshus.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Knut Buen: «Som gofa spølå». Tradisjonen rundt spelemannen Knut Dahle 1834–1921. Tuddal 1983
  • Rolf Myklebust: Femti år med norsk folkemusikk. Oslo 1982

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg