Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Eberson

Jon Eberson, fødd 1953, er gitarist og komponist innanfor jazz, blues og rock. Eberson er førsteamanuensis ved Noregs musikkhøgskule. Han leier også Jon Eberson Group, som har markert seg saman med vokalisten Sidsel Endresen.
 
Dei har gitt ut plater som Jive Talking, City Visions og Polarities. Eberson har også gitt ut plater med Stash, Morten Halle og Jazzpunkensemblet. I 2001 fekk han Buddyprisen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2013
Sist oppdatert: 05.11.2013