Hopp til innhold
X
Innhald

Jørn Hoel

Jørn Hoel, fødd 1957, ein av dei mest suksessfulle norske popartistane i 1980-åra. Han fekk ein stor hit med Svein Gundersen sin komposisjon «Har en drøm» til filmen Drømmeslottet (1986). I 1990-åra vende han tilbake til det musikalske utgangspunktet sitt i rock’n’roll/blues-sjangeren, til dømes på albumet Leapin’ Lizards (1993). Eit anna populært album var På grunn av dæ (2007).
 
 
Sjå video der Jørn Hoel framfører Kommer alt kommer du, på NRK
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013