Hopp til innhold
X
Innhald

Jørn Simen Øverli

Jørn Simen Øverli, fødd 1950, er visesongar, -diktar og komponist. Han står bak fleire plateutgivingar med gjendiktingar av austeuropeiske viser, mellom anna viser av den russiske visediktaren, -songaren og folkehelten Vladimir Vysotskij. Øverli har også gitt ut ei CD-plate med viser av Alf Prøysen. Han er elles er ei av drivkreftene bak Josefine viseklubb i Oslo. Jørn Simen Øverli fekk Spellemannprisen i 1989.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 13.01.2014