Hopp til innhold
Jostein Avdem Fretland. Foto: Mariell Øyre. Nytta med løyve.
Jostein Avdem Fretland. Foto: Mariell Øyre. Nytta med løyve.
X
Innhald

Jostein Avdem Fretland

Jostein Avdem Fretland er komponist, musikar og forfattar frå Sogn, ein mangfaldig kunstnar som uttrykkjer seg i ulike sjangrar og former.

Jostein Avdem Fretland er fødd i Lærdal i Sogn 10. april 1990. Etter eksamen frå musikklinja ved Firda vidaregåande skule i 2009 studerte han musikkvitskap ved Universitetet i Oslo, med bachelorgrad i 2011. Hausten same året flytte han til London, der han tok mastergraden i studiokomposisjon ved Goldsmiths College, University of London, i 2012.

Frå 2007 har Fretland vore frilans musikar, komponist, omsetjar, librettist og forfattar. Han har samarbeidd med Opera Nordfjord sidan 2013, med gjendikting av I puritani (2014), La Bohème (2018), og musikalane You're a good man, Charlie Brown (2016) og Annie (2018). Sildagapet (2017) er ein originallibretto for Opera Nordfjord.

Saman med skodespelaren Fredrik Høstaker skreiv han musikalen Kom heimatt, gut i 2015. I 2018 skreiv han musikk til barneteaterframsyninga Den lille store reisen, framført på Den Nationale Scene i Bergen og på turnear. Gjesmearkivet (2018) var ei teaterframsyning bygd på livet til biletkunstnaren Hans Gjesme (1904–1994) frå Lærdal. Fretland skreiv teksten, komponerte musikken og var lyddesignar.

Fretland var spaltist for nettmagasina Magasinett og Framtida i 2009–15 og i Sogn Avis i 2015–19. Han har hatt dikt på trykk i fleire publikasjonar og i antologien Faen ta tyngdekrafta (2008). I 2013 kom romanen & me skal bli omskapte, som han skreiv saman med Mariell Øyre.

Fretland har budd i Lærdal sidan 2016, er gift med Mariell Øyre og driv språkselskapet Fretland & Fretland saman med faren, Jan Olav Fretland.

Fretland fekk Furorestipend frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i 2017 og arbeidsstipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2019.

 

Kjelder

E‑post frå Jostein Avdem Fretland 20.01.2010

 

Peikarar

Forfattarside om Jostein Avdem Fretland på nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane, forfattarar.sfj.no

Jostein Avdem Fretland, profil, linkedin.com

Først publisert: 29.10.2020
Sist oppdatert: 30.10.2020