Hopp til innhold
X
Innhald

Klaus Egge

Klaus Egge, 1906–79, var komponist, musikkritikar og organisasjonsmann. Mellom anna var han formann i Norsk komponistforening i åra 1945–72. Som komponist er han mest kjend for symfoniane sine (nr. 2 S. giocosa, nr. 3 Louisville), konsertane sine (Klaverkonsert nr. 2, som er symfoniske variasjonar over «Solfager og ormekongen») og kammermusikken sin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2013
Sist oppdatert: 05.11.2013