Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Aastad Bråten

Knut Aastad Bråten, kulturhistorikar, folkemusikar, skribent, redaktør og dagleg leiar for Jørn Hilme-stemnet. Han er ein av dei fremste utøvarane på langeleik her i landet.

Knut Aastad Bråten er fødd 30. juni 1976 på Fagernes i Nord-Aurdal. Han bur på Fagernes. Bråten er utdanna etnolog og kulturhistorikar ved Universitetet i Oslo (2006). Temaet for hovudfagsoppgåva var det kulturelle møtet mellom bygdefolk og hytteturistar på Beitostølen fram til ikring 1980.

Frå 2007 til 2013 var Bråten redaktør i Spelemannsbladet, som i 2010 fekk namnet Folkemusikk. Frå 2013 til 2020 hadde han same stillinga i tidsskriftet Syn og Segn.

I januar 2020 vart Bråten statssekretær i Kulturdepartementet under kulturminister Abid Q. Raja, men allereie i mai same året trekte han seg i protest mot det han kalla politisk ukultur.

Sidan desember 2020 har han vore dagleg leiar for Jørn Hilme-stemnet, som er Noregs eldste folkemusikkfestival.

Saman med tvillingbroren Ole Aastad Bråten er Knut Aastad Bråten ein av dei fremste utøvarane i landet på det gamle instrumentet langeleik. Dei har vunne klassen for langeleik på Landskappleiken fleire gonger. Knut Aastad Bråten vann kongepokalen under Landskappleiken på Beitostølen i 2006. Brørne har vore med på fleire albuminnspelingar, til dømes I jolo (1998) og Snart lyset sig mon svinge (2006). I 2015 gav dei ut instrumentalalbumet Til Ragna, som vart nominert til Spellemannsprisen.

Bråten har hatt mange frivillige verv og har vore med i ulike prosjekt. Han var tidlegare medlem i fagkomiteen for immateriell kulturarv i Norsk kulturråd (2015–2019). Han har òg skrive bøker. Saman med Knut Olav Åmås har han gitt ut reisebøkene New York – 100 unike opplevelser (2013) og Wien – 100 unike opplevelser (2016).

Bråten har sidan 2018 vore spaltist i avisa Nationen, der han skriv om norsk kultur- og distriktspolitikk. Sidan 2016 har han vore medlem av kommunestyret i Nord-Aurdal for Venstre.

 

Kjelder

E‑post frå Knut Aastad Bråten 7.10.2019

 

Førdefestivalen: «Ole og Knut Aastad Bråten», fordefestival.no, publisert 2015: https://www.fordefestival.no/artistar-2015/aastad-braaten [lesedato 5.10.2019]

Morten Schwencke, Caroline Enge og Kjetil Magne Sørenes: «Abid Rajas statssekretær slutter ‘av hensyn til eigen integritet’», aftenposten.no, sist oppdater 7.5.2020: https://www.aftenposten.no/kultur/i/zG2QAO/abid-rajas-statssekretaer-slutter-av-hensyn-til-eigen-integritet [lesedato 3.12.2020]

Endre Simonsen: «Tidligere statssekretær i Kulturdepartementet blir folkemusikksjef», medier24.no, sist oppdatert 9.11.2020: https://www.medier24.no/artikler/tidligere-statssekretaer-i-kulturdepartementet-blir-folkemusikksjef/502245 [lesedato 3.12.2020]

 

Peikarar

Artiklar av Knut Aastad Bråten i Nationen, nationen.no

Knut Aastad Bråten: «Forfallet i bygde-Noreg», harvestmagazine.no

Jørn Hilme-stemnet, hilme.no

Først publisert: 03.12.2020
Sist oppdatert: 03.12.2020