Hopp til innhold
X
Innhald

Linda Øvrebø

Linda Øvrebø, sopran, markerte seg tidleg i store fjernsynsoverføringar, til dømes frå OL på Lillehammer, ved Nobel-konserten i Oslo og i NRK.
Linda Øvrebø er fødd i Bergen 24. januar 1966 og hadde sine seinare oppvekstår i Jølster. Ho er utdanna ved Bergen Musikkonservatorium og ved Noregs musikkhøgskule, med diplomkonsert under Festspela i Bergen i 1993, som elev av Ingrid Bjoner. Året etter debutkonserten i Oslo i 1995 fekk ho Kirsten Flagstad-prisen. Før det fekk ho Ingrid Bjoners songstipend i 1993, Grieg-prisen i 1994 og Esso-prisen i 1995.
 
Ved Den Norske Opera har Øvrebø hatt ei lang rekkje roller, mellom anna som Pamina i Tryllefløyten, Adina i Elskovsdrikken og Oscar i Maskeballet. Ho har hatt fleire operaroller rundt i landet elles. Øvrebø har vore solist med alle dei store orkestera i Noreg og har vore med på mange turnear. I åra 1995–2006 hadde ho rolla som Solveig i den årlege Peer Gynt-oppsetjinga ved Gålåvatnet. Øvrebø hadde rolla som Margrethe i sogespelet Audun Hugleikson, kongens mann i Jølster i 2002 og 2004. I 2010 turnerte ho med stor suksess i rolla som kona til den blinde predikanten Matias Orheim. Ho har spela inn fleire CD-ar, den siste med songar av Johannes Haarklou.
 
Øvrebø har markert seg internasjonalt ved framføringar i ei lang rekkje land, ofte med songar frå Peer Gynt.
 
Peikarar

Først publisert: 14.02.2011
Sist oppdatert: 31.07.2018