Hopp til innhold
X
Innhald

Madrugada

Madrugada, rockgruppe som var samansett av Sivert Høyem på vokal, Robert Burås (1975–2007) på gitar og Frode Jacobsen på bass. Bandet hadde sitt utspring i musikkmiljøet i Stokmarknes på nittialet og starta opp under namnet Øx. Gruppa har hatt ei rekkje musikarar før Høyem, Burås og Jacobsen til slutt danna Madrugada.
 
 
Madrugada vart lansert internasjonalt med debutalbumet Industrial Silence (1999, Spellemannprisen) og etablerte seg raskt som eit av Noregs fremste rockeband. Gruppa selde også ein del plater i Europa og turnerte i USA i 2004.
 
Foto: Kim Erlandsen, NRK P 3 cc by 2 0
Foto: Kim Erlandsen, NRK P 3 cc by 2 0
 
Seinare kom albuma The Nightly Disease (2001), Grit (2002, Spellemannprisen), The Deep End (2005, Spellemannprisen) og Madrugada (2008). Madrugada vart Årets spellemann i 2005. Gruppa vart løyst opp i 2008.

Sivert Høyem har halde fram som soloartist og Frode Jacobsen arbeider som musikar og plateprodusent.
 
 
Sjå video frå Madrugada The Kids Are On High Street
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2013
Sist oppdatert: 18.10.2013