Hopp til innhold

Maria Høgetveit Berg

Maria Høgetveit Berg, målkvinne og folkedansar. Ho var den første kvinnelege leiaren i Noregs Mållag.
Berg er fødd i Vinje 2. november 1941. Med lærarskuleeksamen og vidareutdanning i norsk ved Oslo off. lærarskule og to studieopphald i USA var Berg kontorsjef i AFS internasjonal ungdomsutveksling i 6 år og lærar i Hallingdal i 16 år. Frå 1989 til 2008 var ho kultursjef i Ål.
 
I 1981 blei Berg vald som første kvinnelege leiar i Noregs Mållag. Då var det også slutt på nemninga formann. Ho var med i interimsstyret for Landssamanslutninga av nynorskkommunar 1992–93.
 
Som dansar har ho vore svært aktiv i Norsk folkemusikk- og danselag og vore dommar ved mange landskappleikar. I november 2009 slo Norsk folkemusikk- og danselag seg saman med Landslaget for spelemenn til Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen, og Berg blei vald som den første styreleiaren i den nye organisasjonen.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 21.05.2009
Sist oppdatert: 15.02.2010