Hopp til innhold
X
Innhald

Morten Abel

Morten Abel (eigentleg Morten Abel Knutsen), f. 1962, er popsongar, musikar og låtskrivar. Abel var med i gruppa Mods før han var med på å danne The September When.
Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK P3 cc by 2 0
Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK P3 cc by 2 0
Sidan 1997 har han vore soloartist og har særleg hatt suksess med albuma Here We Go Then, You and I (1999) og I’ll Come Back and Love You Forever (2001, tre Spellemannprisar) og Being Everything, Knowing Nothing (2003). I 2009 debuterte han som forfattar med romanen Temmelig mye juling.
Morten Abel vart tildelt Hedersprisen under Spellemann 2014.
Sjå videoen It's hard to stay awake

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2013
Sist oppdatert: 27.01.2015