Hopp til innhold
X
Innhald

Morten Gunnar Larsen

Morten Gunnar Larsen, fødd 1955, er pianist og spesialist på klassisk ragtime og New Orleans-jazz. Larsen spelar i Magnolia Jazzband og Ophelia Ragtime Orchestra. Han har gjort ei rekkje plateinnspelingar og medverka på jazzfestivalar i inn- og utland.
Larsen hadde stor suksess med Jelly Roll Morton-framsyningar i New York og London i 1994–95, og internasjonal lansering og turné i samband med plata Fingerbreaker (1999).
Sjå video her:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.11.2013
Sist oppdatert: 18.11.2013