Hopp til innhold

Nils Økland

Nils Økland, musikar, komponist og improvisatør som kryssar sjangergrenser og byggjer bruer mellom folkemusikk og kunstmusikk.

Økland er fødd 7. januar 1961 i Haugesund. Han er utdanna fiolinist ved Rogaland musikkonservatorium og Norges musikkhøgskole (1979–1985) og har òg studert i Budapest og Amsterdam. Han tok til å lære hardingfelespel i studietida av Sigbjørn Bernhoft Osa og Knut Hamre, og dette er blitt hovudinstrumentet hans. Han spelar òg viola d'amore.
Økland var musikalsk leiar for Ole Bull-akademiet på Voss i perioden 1989–1995 og har etterpå arbeidd som frilansmusikar med base i Haugesund. I 1995 gav Økland ut si første plate i eige namn, Blå harding, med religiøse folketonar og eigne komposisjonar. Dei neste platene, Straum (2000), Bris (2004) og Monograph (2009) inneheld berre eigne komposisjonar og improvisasjonar. Bris byggjer mellom anna på musikken han skreiv for ein teaterversjon av Jon Fosse-romanen Melancholia.
I 1980-åra spela Økland i grupper som punkbandet Løver og tigre, avantgardeprosjektet Skinn og bein, Oslo Tangoforening og Balkansemblet, og han gav ut plate saman med bassisten Bjørnar Andresen (1986). Etter 2000 har han vore medlem av Christian Wallumrød ensemble, og saman med Bjørn Kjellemyr og Berit Opheim utgjer han BNB. I 2008 urframførte han Magnar Åms «Straum – motstraum» for hardingfele og strykarar.
I 2010 fekk Økland både Osaprisen og Rogaland fylkeskommunes kulturpris. Plateutgivinga til Balkansemblet, Balkan samlet, fekk spelemannsprisen i 1984.
Kjelder
Eva Røyrane: «Slåtte-karen», Bergens Tidende 19.10.1997
Roald Helgheim: «Musikk for ei kyrkje i verdsrommet», Dag og Tid 20.3.2009
Red.: «Nils Økland med lansering måndag», ballade.no, publisert 5.11.2004, http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2004110514261359638361 [lesedato 10.4.2011]
Nils Økland, utøvarside, folkemusikk.no, http://www.folkemusikk.no/okland-nils.4646243-146036.html [lesedato 10.4.2011]
Maren Ørstavik: «Utvist uten å huske hvorfor», universitas.no, publisert 1.4.2009, http://universitas.no/minstudietid/53240/utvist-uten-a-huske-hvorfor [lesedato 10.4.2011]

Først publisert: 03.01.2012
Sist oppdatert: 05.12.2012