Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Håstadbø

Ola Håstadbø, hardingfelespelar, slåttediktar og skreddar frå Hardanger.
Ola Håstadbø (eller Håstabø, begge former blir brukte) var fødd i 1826 på husmannsplassen Løfloten, som høyrde under garden Håstabø like ved Kvanndal i Hardanger. Han gifta seg i 1881 med Guro Nilsdotter (1852–1929) og flytta same året til Brakahaugen på Hamre lenger inne i Granvinsfjorden. Her budde han og kona fram til han døydde i 1899. Han var skreddar av yrke, noko som var vanleg blant spelemenn i Hardanger på hans tid.
 
Den viktigaste læremeisteren hans var vossaspelemannen Nils Rekve (1777–1846), og før Rekve døydde, hadde Håstadbø som 20-åring tileigna seg eit stort slåttetilfang, som få andre lærte på denne tida. Seinare blei han påverka av felespel frå Telemark. Han skal ha vore ein framifrå spelemann alt i tenåra og blei snart ein etterspurd musikar til bryllaup.
 
Det finst i dag om lag 30 slåttar som kan førast tilbake til Håstadbø. Nokre av dei komponerte han sjølv, til dømes «Guro-slåtten» («Spelar-Guro»), som han tileigna kona si. Ein sentral vidareformidlar av dette stoffet har vore brorson hans, Sjur Håstadbø («Nolten», 1872–1945), som igjen blei ei viktig kjelde for Halldor Meland. Håstadbø skal ha spela på heile 14 ulike felestille, og sju av desse er dokumenterte på plata Håstabøslåttar (1999) av Knut Hamre, Frank Rolland og Åse Teigland.
 
Kjelder
Jon Bleie: Halldor Meland. Eit liv i tonar. Ein bolk av soga om folkemusikken i Hardanger. Oslo 1976
Andreas Bjørkum, Magne Myhren, Bjørn Aasland (red.): Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg, bd. 2. Oslo 1996
«Håstabøslåttar», omslagstekst til CD-utgivinga Knut Hamre, Frank Rolland, Åse Teigland: Håstabøslåttar 1999

Først publisert: 21.02.2011
Sist oppdatert: 21.02.2011