Faktaboks

Olav Gurvin
Fødd
24. desember 1893, Tysnes, Hordaland
Død
31. oktober 1974, Oslo
Verke
Musikkforsker
Familie

Foreldre: Lærer og klokker Elling Olson Gurvin (1851–1938) og Kristina Olsdatter Flugem (død 1898).

Gift 1947 med Dagny Siqveland (15.8.1902–28.5.1986), datter av lensmann Olaf Gulbrand Kjendeli Siqveland (1871–1957) og lærer Sunniva Nygaard (1877–1922).

Olav Gurvin.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 3.0
Olav Gurvin

Foto 1964. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Olav Gurvin
Av /NTB Scanpix ※.

Olav Gurvin var ein norsk musikkforskar. Han reknast som grunnleggjaren av musikkvitskap som universitetsfag i Noreg.

Bakgrunn

Gurvin var fødd på Tysnes i Hordaland (no Vestland). Han tok examen artium som privatist i 1919 og studerte sidan musikkvitskap i Heidelberg og Berlin, eit fag som den gongen ikkje fanst i Noreg. I 1928 tok han magistergraden ved Universitetet i Oslo, og i 1938 blei han dr.philos. same stad på avhandlinga Frå tonalitet til atonalitet.

Karrieren

Gurvin blei i 1957 utnemnd til den første professoren i musikkvitskap i Noreg. Året etter blei Institutt for musikkvitskap oppretta ved Universitetet i Oslo, noko som var resultatet av eit langt organisatorisk virke frå Gurvin si hand. Han verka også som kritikar i Verdens Gang (VG)(1945–1958) og som kordirigent for fleire kor i Oslo (1930–1947).

Norsk Folkemusikkinstitutt

Gurvin oppretta Norsk Folkemusikkinstitutt i 1951 og var ein ivrig samlar av folkemusikk. Som leiar for Norsk Folkemusikkinstitutt bygde han opp eit arkiv på flere tusen bandopptak. Til dette arbeidet utvikla han saman med fysikaren Jakob Sandstad eit elektroakustisk apparat for «melodifotografering», som i tillegg til melodiforløp kunne registrere folkemusikalske, ikkje-tempererte intervall.

Publikasjonar

Gurvin var sterkt oppteken av modernistisk kunstmusikk, særleg Fartein Valen. I tillegg til doktoravhandlinga har han skrive biografien Fartein Valen: En banebryter i nyere norsk musikk (1962). Til forskingsinteressene hans høyrde òg etnomusikologi.

Han var vidare medredaktør for Rikard Nordraaks samlede verker (1942–1944), det første norske musikkoppslagsverket Musikkleksikon (1949) og Norsk folkemusikk, serie 1: Hardingfeleslåttar (1958–1967, 5 band).

Gurvin var den første formannen i Edvard Grieg-komiteen (1962–1968), som hadde som hovudprosjekt å gi ut komponistens samla verk. Han var redaktør for tidsskriftet Norsk musikkliv (1942–1951) og for det første bandet av årboka Studia Musicologica Norvegica (1968).

Utmerkingar

I 1959 fekk Gurvin den britiske utmerkinga Harriet Cohen-medaljen, og han blei slått til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden i 1968.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Finn Benestad og Phillip Krømer (red.): Festskrift til Olav Gurvin. Oslo 1968
  • Nils Grinde: «Olav Gurvin», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001
  • «Store musikeres spil fotograferes nå eksakt», Verdens Gang 3.10.1957

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg