Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Jacob Hansen

Ole Jacob Hansen, 1940–2000, var jazzmusikar med trommer som instrument. Frå slutten av 1950-åra spela han med Kjell Karlsen. Hansen var ofte brukt i Metropol Jazzhus med utanlandske solistar. Dessutan spela han i Paris med Donald Byrd og Eric Dolphy, og han turnerte med Doug Rainey og fleire andre.
 
Ole Jacob Hansen var ein sentral musikar i norsk jazz. I 1997 fekk han Buddy-statuetten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.11.2013
Sist oppdatert: 08.11.2013