Hopp til innhold
X
Innhald

Øystein Sunde

Øystein Sunde, fødd 1947, er visesongar og -diktar, komponist og revyartist. Blandinga av virtuost gitarspel, sprø humor og munnrapp framføring karakteriserer den særeigne stilen hans.

Foto: Stig Ove Voll CC BY 2.0
Foto: Stig Ove Voll CC BY 2.0

Sunde har ei rekkje plateutgivingar bak seg både som soloartist og saman med andre artistar. Sunde syng på norsk. Han står bak hitar som Fire melk og Dagbla' for i går og Kjekt å ha.
 
Han har også medverka i revyar, og han er medlem av gruppa Gitarkameratene. Øystein Sunde fekk Spellemannprisen i 1989, 1994 og saman med Gitarkameratene i 1990.
 
Sjå video med Øystein Sunde Kjekt å ha

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 09.01.2014