Hopp til innhold
X
Innhald

Radka Toneff

Radka Toneff, 1952–82, var norsk jazzsongar og pianist.
 
Toneff var utdanna ved Musikkonservatoriet i Oslo i perioden 1971-1975. Ho spelte i jazzrockbandet Unit og hadde ein eigen kvintett saman med mellom andre bassisten Arild Andersen.

Toneff hadde stort talent og den personlege songen og musikaliteten hennar vart internasjonalt kjend. Ho spela inn Winter Poem, It don’t come easy og Fairytales (1982).
 
Ho samarbeidde tett med den svensk-amerikanske pianisten Steve Dobrogosz. I 1982 deltok ho på Ketil Bjørnstad sitt verk Patagonia.
 
Radka Toneff tok sitt eige liv i 1982. Etter at ho var død, vart det i 1993 gitt ut opptak frå Hamburg i 1981 med Steve Dobrogosz, Arild Andersen og Alex Riel.
 
Toneff mottok Spellemannsprisen i 1977 og fekk Buddy-statuetten posthumt i 1982.
 
Diktaren Jan Erik Vold har skrive diktet Der bjørketreet stod, om Radka Toneff. Musikkprisen Radka Toneff Minnepris er basert på eit minnefond, med inntekster frå platene  Fairytales og Live in Hamburg.
 
Sjå eit liveopptak med Radka Toneff frå 1979 Lost in the stars:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 21.10.2019