Hopp til innhold
X
Innhald

Richard Suttie

Richard Suttie, fødd 1972, er norsk-engelsk dansar. Suttie er utdanna ved Den Norske Operas Ballettskole og ved Royal Ballet School. Han var tilsett i Den Norske Nasjonalballett frå 1990 og har dansa ei rekkje hovudroller i repertoaret. Sidan 1992 har han vore solist.
 
Suttie fekk Kritikarprisen i 1999 for medverknad i Exilium. Han har også motteke Åse Byes ærespris.
 
 
Suttie underviser også ved Balletthøgskulen. Sjå video:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 09.01.2014