Hopp til innhold
X
Innhald

Sigvald Tveit

Sigvald Tveit, fødd 1945, er ein allsidig komponist med stor produksjon i mange sjangrar. Tveit er registrert med over 2000 komposisjonar og arrangement i Tono. Han har mellom anna skrive musikk til fleire fjernsynsseriar (som Portveien 2 og Sesam stasjon) samt større verk for korps, storband og symfoniorkester til framføring i kristne, lokalkulturelle og andre samanhengar. Mellom desse finn ein Visst skal våren komme, Herr Petters lovsang og Pilegrimen.
Sigvald Tveit er førsteamanuensis ved Institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo.
Høyr melodien Tenn lys av Sigvald Tveit:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 13.01.2014