Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Tang Wa

Svein Tang Wa, trubadur og biletkunstnar med kinesisk namn og stavangerdialekt som fremste varemerke.

Tang Wa er fødd 6. april 1946 i Stavanger, det kinesiske etternamnet har han frå bestefaren. Han er utdanna grafikar ved Kunst- og håndverksskolen i Bergen i 1970 og har jamleg arbeidd med bilete og utstillingar. I tillegg til ein kunstnarleg karriere har han mellom anna arbeidd i industrien og som «altmoglegmann» ved Rogaland teater.
Tang Wa er ein markant stavangersk kulturprofil. 1970-åra var dialektrocken sitt tiår, og Stavangerensemblet brukte musikken og tekstane til Tang Wa. «Kan’kje finna fingen» og «Dyna med dun i» er kjende songar som ber hans signatur. Han har òg skrive for Vamp, Leif og kompisane og Reidar Larsen, og han har gitt ut seks eigne plater sidan 1980. Gunnar Roalkvam var samarbeidspartnar på TOFFA (1980) og På kanten (2005). Hørr gjøken (1998) blei kåra til Årets album av NRK P1. Rødast hjerta (2007) var nominert til Spelemannsprisen.
Gjennom tekstane sine framstår Tang Wa som humanist, humorist og forteljar. Kjærleiken til Stavanger by er sterk, til dømes i ein song som «Barndoms by». Han dyrkar det gode livet, små situasjonar og vanlege folk. Det handlar òg om kvinner, erotikk og kjærleik, gjerne med ein ironisk snert, til dømes i «Drevne damer» og «Turi Luri». Tang Wa er språkleg leiken og utviser ei særleg glede over bokstavrimet. Eit spektakulært døme på rimforma finst i versjonen hans av folkevisa «Villemann og Magnhild», der Magnhild blir karakterisert slik: «Framme va hu fine va hu flotte va hu bag!»
Kjelder
Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen: Norsk pop- & rockleksikon. Oslo 2005
Samtale med Gunnar Roalkvam
Jan Inge Reilstad : «Inn i trubadurens tid: Hørr gjøken», publisert 22.08.2007, http://blogs.myspace.com/index.cfm?fuseaction=blog.view&friendId=167549116&blogId=302123673 [lesedato 19.04.2010]

Først publisert: 01.06.2010
Sist oppdatert: 07.12.2018