Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Rypdal

Terje Rypdal, fødd 1947, er komponist og gitarist. Han har mellom anna skrive fem symfoniar, orkesterverk, konsertar, ein del musikk til drama, kammermusikk, korverk og komposisjonar for solistar. Rypdal er også ein svært habil jazzmusikar og har laga ei rekkje plater innanfor samtidsmusikk, rock og jazz, mellom anna Chaser (1985). Han har også gitt ut plater med tungrockgitaristen Ronnie Le Tekrø og vore med i ein trio som gav ut plata Skyward (1996).
I dei seinare åra har han mellom anna opptredd med Ketil Bjørnstad, John Surman’s Nordic Quartet (1994), Audun Kleive og Knut Mikalsen (1997), og Palle Mikkeborg (2000). Rypdal fekk Spellemannprisens heiderspris i 2005.
Sjå Terje Rypdal Trio:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.10.2013
Sist oppdatert: 25.10.2013