Faktaboks

Tore Bruvoll
Fødd
30. oktober 1978, Tromsø
Tore Bruvoll.
Tore Bruvoll.
Av /Nynorsk kultursentrum.

Tore Bruvoll er ein norsk gitarist og komponist som er inspirert av den nordnorske folkemusikken. Han er mykje brukt som frilansfolkemusikar og er ein av initiativtakarane til gruppa Hekla Stålstrenga.

Bakgrunn

Tore Bruvoll er fødd i Tromsø. Han gjekk på Kongsbakken videregående skole (1994–1997), før han tok musikkutdanning ved Høgskolen i Telemark (no Høgskulen i Søraust-Noreg) (1997–1999).

Musikkarrieren

Bruvoll har vore med i fleire folkemusikalske prosjekt med den akustiske gitaren sin. Med duoen Bruvoll/Halvorsen gav han saman med kvedaren Jon Anders Halvorsen ut albuma Nattasang (2004) og Trillar for to (2007). Med gruppa Majorstuen var han med på albumet Juledrøm (2006), og med String Sisters på albumet Live (2007). På albumet Jol i mi song (2011) akkompagnerer han songaren Sondre Bratland.

Sidan slutten av 1990-åra har han hatt eit tett musikalsk samarbeid med felespelar Ragnhild Furebotten, og i 2005 etablerte dei den akustiske folkrockgruppa Hekla Stålstrenga. Dei to skriv mykje av musikken til gruppa.

Musikken til Tore Bruvoll er inspirert av den nordnorske folkemusikken. Han blir mykje brukt som studiogitarist og som frilansmusikar i radio- og fjernsynsproduksjonar. Han har òg komponert musikk til teaterframsyningar ved Hålogaland Teater.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg