Hopp til innhold
X
Innhald

Torkjell Haugerud

Torkjell Haugerud, 1876–1954, var gardbrukar og hardingfelespelar frå Bø i Telemark. Haugerud førte vidare tradisjonen etter Myllarguten og Gibøen via Halvor Flatland og Knut Dahle. Han vart rekna som meisteren i si tid. Haugerud komponerte også fleire lydarslåttar med lyrisk/dramatisk innhald, som «Huldrejenta», «Tårån i Troppin», «Leikarvollbekken» og «Jørånnatten». Han spela også klassiske fiolinstykke. Det er oppretta eit minnefond i namnet hans.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2013
Sist oppdatert: 13.11.2013