Hopp til innhold
X
Innhald

Turboneger

Turboneger, norsk rockgruppe danna i 1988. Ei blanding av glamrock, tungrock og punk, samt eit outrert image har skaffa dei eit stort publikum også utanfor Noreg. Fansen kallar seg Turbojugend.

Turboneger, norsk rockgruppe danna i 1988 av gitaristane Pål Bøttger Kjærnes (Pål Pot Pamparius) og Rune Grønn (Rune Rebellion), samt bassisten Thomas Seltzer (Happy-Tom). Vokalisten Hans Erik Dyvik Husby (Hank von Helvete) kom med i 1993, men slutta i 2010.
Frå 2011 er bandet samansett av Tony Sylvester, vokal, Knut Schreiner (Euroboy), gitar og Tommy Akerholt (Tommy Manboy), trommer, og Thomas Selzer (Happy-Tom) og Rune Grønn (Rune Rebellion).
Tony Sylvester i Turboneger. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3. CC BY 2 0
Tony Sylvester i Turboneger. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3. CC BY 2 0
 
Ei blanding av glamrock, tungrock og punk, samt eit outrert image har skaffa dei eit stort publikum også utanfor Noreg. Fansen kallar seg Turbojugend.
Turboneger platedebuterte med Hot Cars and Spent Contraceptives (1992), og vidare kom mellom andre Ass Cobra (1996), Apocalypse Dudes (1998), Scandinavian Leather (2003, Spellemannprisen), Party Animals (2005) og Sexual Harassment (2012). 
 
Thomas Seltzer i Turboneger. Foto: Kim Erlansen, NRK P3 CC BY 20
 
Sjå video: Turboneger You Give Me Worms
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.10.2013
Sist oppdatert: 09.12.2013