(Carl Gustaf) Sparre Olsen
A Cappella
Adjágas
Adjágas
Adjágas er ei ung samisk musikkgruppe som har greidd å tilføre joik og samisk musikk ein ny dimensjon.
a-ha
Akademisk korforening
Anne Nyborg
Bel Canto
Bergen Filharmoniske Orkester
Bergliot Ibsen
Big Chief Jazzband
Boknakaran
Boknakaran
Boknakaran, ei nordnorsk visegruppe med visesongarar som er busette i Tromsø. Namnet «Boknakaran» reflekterer den nordnorske fiskedelikatessa «boknafesk».
Brazz Bros
Briskeby
Briskeby
Briskeby
Bøyen Beng
Bøyen Beng, eit av dei eldste Blitz-banda, som trass i ei lang rekkje utskiftingar framleis eksisterer. Med fele og allsongrefreng skilde dei seg ut frå dei andre Blitzbanda i perioden.
Carte Blanche
Carte Blanche
Carte Blanche, nasjonalt kompani for samtidsdans. Carte Blanche har fire eller fem produksjonar i året og samarbeidar med ei rekkje internasjonale koreografar.
Collage Dansekompani
Come Shine
Cæciliaforeningen
D.D.E.
D.D.E.
D.D.E. er ei prisløna trønderrockgruppe frå Namsos som har vorte svært populære med den folkelege og energiske festmusikken sin. Dei syng på trønderdialekt.
D’Sound
Dance With A Stranger
Dance With A Stranger
Danseinformasjonen
Dansens Hus
Dei nye kapellanane
Dei nye kapellanane
Dei nye kapellanane, band der forfattaren Ragnar Hovland er frontfigur. Kapellanane spelar populærmusikk på nynorsk under mottoet «rock & roll med eit menneskeleg andlet».
deLillos
deLillos
Den norske nasjonalballetten
Det Norske Solistkor
Det Norske Solistkor, kor i Oslo som vart stifta av Knut Nystedt i 1950.
Di Derre
Diaz
Diaz, rappartist frå Jessheim, som gav ut tre album og hadde suksess med eit rånete image i songar som «Jessheim» og «Stikking».
Dimmu Borgir
Dimmu Borgir
Dollie de Luxe
DumDum Boys
Dænsebændet
Dænsebændet
Dænsebændet, danseband frå Snertingdal som har gitt ut 16 album og vorte eit av dei mest populære norske dansebanda på 2000-talet.
Eddy Zoltan
Eddy Zoltan
Eddy Zoltan var eit austnorsk danseorkester som var banebrytande for progressiv rock på nynorsk.
Elektrisk Regn
Elektrisk Regn, eller berre El Regn, rockeband frå Bergen som har vore aktivt sidan 1978, har gitt ut tre album og etablert seg som eit kult-band.
Fabel
Fabel
Fabel er ei visepopgruppe frå Nordfjord som gav ut fire plater frå 1996 til 2001.
Fliflet/Hamre
Fliflet/Hamre
Fliflet/Hamre, musikarduo med trekkspel, perkusjon, song og humor. Med bakgrunn i folkemusikk og jazz kryssar Fliflet/Hamre dei fleste musikalske tradisjonsgrenser.
Folk & Røvere
Folk & Røvere
Folk & Røvere, oslobasert, norskspråkleg trip-hop/elektronika-band.
Frank Jakobsen
Frode Thingnæs
Gatas Parlament
Gatas Parlament
Gatas Parlament er ei kommunistisk hiphopgruppe frå Oslo, som var dei første til å gi ut norskspråkleg rap. Dei har ofte fått mykje mediemerksemd for dei sterke meiningane sine.
Gerd Kjølaas
Grex Vocalis
Grieg-Trio
Gåte
Gåte var ei norsk musikkgruppe som på relativt kort tid (1999–2005) gjorde folkemusikk populært blant eit ungt og stort publikum ved å kombinere folkemusikk og elektronisk rock.
Halldis Ólafsdóttir
Hekla Stålstrenga
Hekla Stålstrenga
Hekla Stålstrenga er ei nordnorsk gruppe som spelar folkemusikkinspirert populærmusikk og syng på dialekt. Gruppa framfører songar skrivne av Ola Bremnes og Helge Stangnes.
Hellbillies
Høvik Ballett
Ingenting
Ingenting, rockeband frå Sandnes, aktivt sidan slutten av 80-talet, har gitt ut ni album og selt nærmare 200 000 plater.
Jaga Jazzist
Johan Kvandal
Jokke & Valentinerne
Jokke & Valentinerne, eit av dei fire store norske rockebanda som slo igjennom i 1980-åra. Men hovudpersonen sjølv hadde eit trøblete liv, som enda med ein overdose heroin.
Jaa9 & OnklP
Jaa9 & OnklP
Jaa9 & OnklP, rapduo frå Lillehammer som har gitt ut to album og fleire singlar og mix-tapar, kjende for rappkjefta, frekke meldingar på folkeleg austlandsmål.
Kaizers Orchestra
Kaizers Orchestra
Kaizers Orchestra, norsk musikkgruppe som blandar rock, pop og punk med aust- og sentraleuropeiske musikktradisjonar, og som har oppnådd internasjonal suksess med tekstar på norsk dialekt.
Kalenda Maya
Kalenda Maya, norsk musikkensemble som har spesialisert seg på å framføre mellomalder- og renessansemusikk frå heile Europa.
Kings of Convenience
Kjell Magnus Sandve
Kjerringrokk
Kjerringrokk
Kjerringrokk, feministisk musikkgruppe som var aktiv midt i 1970-åra. Gruppa var den første i Noreg til å gi ut ei kvinnepolitisk LP-plate på eit kommersielt plateselskap.
Kjøtt
Kjøtt er eit av dei viktigaste banda i bølgja av ny musikk som oppstod i Noreg rundt 1980, i kjølvatnet av pønken og nyveiven, som oppstod i England nokre år tidlegare.
Knut Nystedt
Knutsen og Ludvigsen
Kringkastingsorkestret
Kringkastingsorkestret
Kråkesølv
Kråkesølv
Kråkesølv er ei nordnorsk gruppe som spelar energisk poprock med melodisk teft. Tekstane deira er leikne og oppfinnsame, og dei blir framførte på bodødialekt.
Kvelertak
Kvelertak
Kvelertak, prisløna rockegruppe som syng på stavangerdialekt. Gruppa leikar med musikalske sjangrar og referansar til norrøn mytologi. Dei har vunne Spelemannsprisen i kategoriane Rock og Metal.
Kvindelige Studenters Sangforening
Lava
Leif & Kompisane
Leif & Kompisane
Leif & Kompisane, rockgruppe frå Stavanger, aktiv sidan 1984, med pause 1986–1993, kjend for lette, sommarlege popsongar som «Dronninga» og «Morgen Herlege».
Lise Nordahl
Madrugada
Majorstuen
Majorstuen
Majorstuen, norsk folkemusikkgruppe som nyttar tradisjonsmateriale som grunnlag for nye og særeigne komposisjonar for felemusikk.
Manna
Manna er eit reggaeband frå Bodø. Dei skriv og syng på dialekt, hovudsakleg om Gud, Babylon og vegetarianisme.
Marius Kjos
Mercury Motors
Midnight Choir
Motorpsycho
Nico & Vinz
Nico & Vinz
Nico & Vinz, artistduo som lagar fengjande popmusikk med inspirasjon frå sjangrar som hiphop, afrobeat, reggae og R&B.
Nidaros Domkor
Nordnorsk Visegruppe
Nordnorsk Visegruppe
Nordnorsk Visegruppe var ein sentral aktør i den nordnorske visebølgja i 1970-åra. Gruppa var kjend for å synge nordnorsk folkemusikk i fleirstemte vokalarrangement.
Norges Dansehøyskole
Norsk Jazzforum
Norske dansekunstnere
NRKs jentekor
Ny Norsk Ballett
Oddbjørn Tennfjord
Oddvar Nygaard
Ole Ivars
Ole Olsen
Operakoret
Oslo Ballettforening
Oslo Danse Ensemble
Oslo Domkor
Oslo Filharmoniske Kor
Oslo Filharmoniske Orkester
Raga Rockers
Raga Rockers
Raga Rockers, rockeband, var med sin rett fram gitarbaserte rock og sine skarpt tilhogde tekstar eit av «dei fire store» banda som oppstod i 1980-åra i Noreg.
Rammsund
Rammsund, norsk hardrockband frå Oslo. Dei har gjort det til sitt særmerke å spele det tyske bandet Rammstein sine songar med tekstane omsette til nynorsk.
Röyksopp
Salhuskvintetten
Salhuskvintetten, songgruppe som starta som lokalt revyband, men som vart landsyndlingar med «Gryta hennar mor».
Sandefjord Jentekor
Sandvika Storband
Satyricon
Satyricon
Seigmen
Seigmen
Seigmen, norsk rockband som vart danna i 1989. Bandet fekk gjennombrotet i 1994 med plata Total og EP-en Hjernen er alene.
Side Brok
Side Brok
Side Brok, hiphop-gruppe frå Ørsta som i 2004 vann to prisar under by:Larm og vart kåra til Årets nynorskbrukar same året. Gruppa rappar på sunnmørsdialekt om heimbygda og bygdekulturen på ein sjølvironisk, uhøgtideleg og lett sarkastisk måte, og leikar med musikksjangrar. Side Brok er sunnmørsdialekt for «sid bukse» også kalla «saggebukse».
Slinkombas
Slinkombas, folkemusikkgruppe som i slutten av 1970-åra etablerte gruppespelet i norsk tradisjonsmusikk.
Stavangerensemblet
Stavangerensemblet, rockegruppe. Med ein uvanleg energisk vokalist og finurlege tekstar av lokale diktarar vart dei det første bandet som slo igjennom med rock på Stavangerdialekt.
Sunnmøre Baarelag
Sunnmøre Baarelag
Sunnmøre Baarelag, blues- og rockeband frå Ørsta, aktivt sidan 1980, som har gitt ut fleire album med country-inspirert rock på sunnmørsdialekt.
Supersilent
Supersilent
Supersilent, norsk fri-improvisasjonsgruppe med stor internasjonal suksess. Gruppa er kjend for at dei aldri øver til konsertar, og improvisasjonane er ofte baserte på store, høglydte støylandskap. Musikken er påverka av både jazz, rock og elektronika.
Ten-Sing
The Aller Værste!
The Monroes
The Monroes, norsk pop-duo med Lage Fosheim (1958-2013) og Eivind Rølles (1959-2013). Duoen slo gjennom i 1983 med den sterkt ska/reggae-inspirerte Sunday People.
The Pussycats
The September When
Tobben og Ero
Tobben og Ero
Viseduoen Tobben og Ero, frå Tromsø, bestod av Torbjørn Willassen (gitar og song) og Jan Ero Olsen (gitar og song). Musikalsk har dei vorte karakteriserte som det norske svaret på den amerikanske duoen Simon and Garfunkel.
Tre Små Kinesere
Trondheim kammerkor
Turboneger
Turboneger
Turboneger, norsk rockgruppe danna i 1988. Ei blanding av glamrock, tungrock og punk, samt eit outrert image har skaffa dei eit stort publikum også utanfor Noreg. Fansen kallar seg Turbojugend.
Valkyrien Allstars
Valkyrien Allstars
Valkyrien Allstars, ein original hardingfeletrio, med namn etter restaurant Valkyrien i Oslo, fornyar av norsk folkemusikktradisjon, med inspirasjon frå jazz, blues, rock og reggae, og med songtekstar frå fjern og nær.
Vamp
Vamp
Vamp, prisløna og anerkjend viserock-gruppe som syng på haugesundsdialekt og står bak songane «Tir n'a Noir» og «Månemannen». Gruppa framfører songar skrivne av Kolbein Falkeid og mange andre framståande poetar og tekstforfattarar.
Vassendgutane
Vassendgutane
Vassendgutane, countryband frå Åmdalen i Ørsta. Med humoristiske og uhøgtidelege tekstar på dialekt har Vassendgutane gitt ut fleire album og har opplevd stor kommersiell suksess.
Vazelina Bilopphøggers
Velvet Belly
Vinskvetten
Vinskvetten, gruppe frå Salhus utanfor Bergen med utbreidd konsert-, plate- og revyproduksjon i perioden 1986–2009. Vinskvettens varemerke er humor, strilekultur og striledialekt.
Virkelig
Virkelig
Virkelig, band frå Bodø som lagar energisk rockemusikk på dialekt.
Vømmøl Spellmannslag
Vømmøl Spellmannslag, politisk radikal visegruppe frå Trøndelag med enorm suksess i 1970-åra. Vømmøl (trøndsk for vadmål) erobra landet med humørfylt framferd, fengjande viser om alvorlege tema og eit originalt instrument. Primus motor var Hans Rotmo.
Wannskrækk
Wannskrækk, pønkeband som var Trondheim sitt viktigaste bidrag til den norske pønkebølgja. I 1985 skifta dei namn til DumDum Boys.
Zoo
Zoo, poprockband frå Stokmarknes. Zoo var eit av dei leiande popnamna i Noreg tidlig i 1980-åra.