Hopp til innhold
X
Innhald

a-ha

a-ha, norsk popgruppe som slo gjennom internasjonalt i 1985 med melodien Take On Me. For første gong gjekk ei norsk popgruppe til topps på den viktigaste hitlista i verda, Billboards Hot 100.
 
Medlemmene var Morten Harket (f. 1959, song), Pål Waaktaar (no Paul Waaktaar Savoy, f. 1961, gitarist og hovudkomponist) og Magne Furuholmen (f. 1962, tangentinstrument).
Sjå videoen Take on me
Debutalbumet var Hunting High and Low (1985), og vidare kom mellom anna Stay on These Roads (1988), Memorial Beach (1993), Minor Earth Major Sky (2000), Lifelines (2002) og Analogue (2005). I dei siste åra av bandet si levetid arbeidde medlemmene også med eigne prosjekt. Harket har gitt ut fleire soloalbum, medan Waaktaar Savoy danna popgruppa Savoy saman med kona Lauren. Furuholmen har særleg fått merksemd som biletkunstnar.
a-ha gav seg for godt med ein avskilsturne i 2010.
Bandet fekk heidersprisen under Spellemann 2010.
Morten Harket og Magne Furuholmen under Spellemann 2010. Foto: Aktivioslo, flickr.com CC BY 2 0
Morten Harket og Magne Furuholmen under Spellemann 2010. Foto: Aktivioslo, flickr.com CC BY 2 0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2013
Sist oppdatert: 08.11.2013