Hopp til innhold
Foto: Pressefoto Adjagas.com
Foto: Pressefoto Adjagas.com
X
Innhald

Adjágas

Adjágas er ei ung samisk musikkgruppe som har greidd å tilføre joik og samisk musikk ein ny dimensjon.

Adjágas blei starta av dei to joikarane Sara Marielle Gaup frå Kautokeino og Lawra  Somby, som har vakse opp i Oslo med både nordsamisk og sørsamisk bakgrunn. Begge har fedrar som er profilerte joikarar i den nordsamiske tradisjonen. Mykje av suksessen til Adjágas må tilskrivast dei to joikarane si evne til formidling og låtskriving.
Adjágas tyder den tilstanden du er i mellom det å vere vaken og svevnig. Sidan oppstarten i 2004 er alle medlemene, med unntak av dei to joikarane, blitt skifta ut. Den første plata, Adjágas, kom i 2005. I 2012 tel gruppa seks medlemer. I tillegg til dei to frontfigurane, som står for all musikk og tekst, har gruppa desse medlemene: Åsmund Wilter Eriksson (bass), Espen Elverum Jakobsen (gitar), Petter Marius Gundersen (trompet, diverse blåseinstrument og banjo) og Aleksander Kostopoulos (perkusjon og trommer). 
Gruppa bruker ukonvensjonelle instrument i kombinasjon med fengjande nyskriven samisk musikk med eit til dels moderne preg – ein kombinasjon som har hatt stor gjennomslagskraft.
Musikken til Adjágas er dvelande og universell i ein forstand, samtidig som ein aldri er i tvil om den samiske profilen. Det samiske språket er ein viktig faktor, og den tradisjonelle joiken ligg i botnen. I musikken kjem likevel element frå pop, rock og «ambient music» tydeleg fram. Gruppa føyer seg slik sett inn i ein etter kvart lang samisk tradisjon som tek i bruk moderne verkemiddel for å nå ut med musikken.
Adjágas har oppnådd stor popularitet i inn- og utland på stutt tid. Dei har hatt fleire prestisjetunge oppdrag, til dømes spela dei under OL i Vancouver i 2010.
Det andre albumet, Mánu Rávdnij, som tyder «månestraum», kom i 2009 og fekk strålande kritikkar. Ord som musikkmagi, mystikk og poesi er blitt brukt om denne plata. Då plateåret 2009 skulle oppsummerast, hamna denne plata mellom dei ti fremste blant fleire kritikarar.
I 2012 vann Adjágas prisen for beste samtidsmusikk i Sápmi/ Sameland under Sápmi Awards.
Kjelder
Susanne Lysvold: «Adjagas til Vancouver-OL», nrk.no, publisert 16.2.2010, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nordland/1.6997287 [lesedato 17.10.2012]
Knut Steen: «Joik fra skumringstimen», ballade.no, publisert 3.11.2005, http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005110215010925930418 [lesedato 17.10.2012]
Trust me records, om Adjágas: http://www.trustmerecords.com/artister/adjagas/ [lesedato 17.10.2012]
Peikarar

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 19.02.2013