Hopp til innhold
X
Innhald

Bel Canto

Bel Canto, norsk popgruppe med Nils Johansen og Anneli M. Drecker.
Gruppa vart danna i Tromsø i 1986 og fekk først suksess i Europa (England, Spania, Frankrike)  med plata White out contidion, før dei slo gjennom her heime. Bel Canto skreiv fleirspråklege tekstar og med Anneli Drecker si særmerkte stemme vart musikken omtala som artisk sound.
 
Gruppa braut gjennom i Noreg i 1992 med albumet Shimmering, Warm and Bright. Vidare kom albuma Magic Box (1996), Rush (1998) og Dorothy’s Victory (2002). Bel Canto har fått fleire spellemannprisar. Drecker har også fått merksemd som skodespelar, komponist og soloartist.
 
Sjå musikkvideo: Bel Canto Birds of Passage

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.10.2013
Sist oppdatert: 30.10.2013