Hopp til innhold
X
Innhald

Bøyen Beng

Bøyen Beng, eit av dei eldste Blitz-banda, som trass i ei lang rekkje utskiftingar framleis eksisterer. Med fele og allsongrefreng skilde dei seg ut frå dei andre Blitzbanda i perioden.

Bøyen Beng vart starta i 1987. Dei tok namnet sitt frå ein skurk i Donald Duck & Co. og spelte ein litt rolegare og meir allsongvenleg musikk enn hardcore-pønken som var vanleg i Blitz-miljøet på den tida. Ikkje minst var fela eit instrument ein elles ikkje såg så ofte på scena der. Bandet har hatt ein del utskiftingar, men det har vore ein meir eller mindre ustabil kjerne som har bestått av Jon Hveding gitar, Silja Starbo fele, Wenke Simensen Skorge trommer, Ragnhild Sarsten bass og Harald Lange vokal.

Bøyen Beng har gitt ut dei sjølvfinansierte platene Kjærlig vårt hat (1991), Fanteri (1993), Kjærlig vår ryggrad (1995) og Bombe (2004), i tillegg til fleire EP‑ar og deltaking på diverse samleplater. I 1993 var Bøyen Beng så vidt innom Norsktoppen med «Storbynatt», men veka etterpå var ikkje songen nemnd i programmet. Årsaka skal vere at NRK hadde oppdaga at songen handla om hasjrøyking.

Kjelder

«Bøyen Beng», i Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005

Først publisert: 07.12.2018
Sist oppdatert: 07.12.2018