Hopp til innhold
X
Innhald

Carte Blanche

Carte Blanche, nasjonalt kompani for samtidsdans. Carte Blanche har fire eller fem produksjonar i året og samarbeidar med ei rekkje internasjonale koreografar.

 

Carte Blanche, nasjonalt kompani for samtidsdans. Det vart oppretta som ei fri dansegruppe av Jennifer Day, Toni Ferraz og Ketil Gudim i 1984.

Foto Yaniv Cohen/ Carte Blanche med løyve for Allkunne.
Foto Yaniv Cohen/ Carte Blanche med løyve for Allkunne.
I 1989 overtok det offentlege ansvaret for gruppa og gjorde henne til dansekompani for Bergen by og Hordaland fylke. Carte Blanche er eigd av stat 70%, fylke 15% og kommune 15% og er lokalisert i produksjonslokalet på Nøstet i Bergen.
I dag er Carte Blanche eit nasjonalt kompani som når ut til både eit norsk og internasjonalt publikum. Carte Blanche har fire eller fem produksjonar i året og samarbeidar med ei rekkje internasjonale koreografar.  

Jennifer Day var den første kunstnariske leiaren i gruppa. Seinare leiarar har vore Anne Borg, Jessica Iwanson, Fredrik Rütter, Jens Graff og Karen Foss, Arne Fagerholt og Bruno Heynderickx. Ei rekkje norske og utanlandske dansarar har vore knytte til kompaniet.
Sjå video av Carte Blanche,  Not here / Not ever av Sang Jijia 2013:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.10.2013
Sist oppdatert: 23.04.2014