Hopp til innhold
Foto: dansebandet.no
Foto: dansebandet.no
X
Innhald

Dænsebændet

Dænsebændet, danseband frå Snertingdal som har gitt ut 16 album og vorte eit av dei mest populære norske dansebanda på 2000-talet.

Leiaren er Arnstein Tungvåg  på vokal, fødd 1957.  Han har sunge i forskjellige danseband sidan 1973, mellom dei Torry Enghs og Ole Ivars. I 1981 starta han sitt eige band. Han er einaste faste medlem, og meir enn 20 musikarar har vore innom i kortare eller lengre periodar.
Gruppa har gitt ut 19 album. På dei første platene er det mykje bokmål, men Tungvåg held seg meir til dialekten frå det indre Austlandet på dei seinare utgivingane. I byrjinga spela dei berre kjent stoff, men med albumet Gøy på landet (2000) byrja dei spela meir originalmateriale, levert av kjende songskrivarar som William Kristoffersen. Han skreiv mellom anna «Hembrent og villa-farris», ein dansbar song om den verste heimbrenten eg-personen har fått. Dialektbruken og originalmaterialet gav gruppa ein tydelegare eigen identitet, og ho fekk sin første Spellemann-nominasjon. I 2002 fekk Dænsebændet prisen for albumet Får vi lov. I 2011 fekk gruppa Spelemannprisen i klassa danseorkester for albumet Vi talas! og i 2014 vann dei Spellemann for ... med sans for dans.
Musikken er typisk dansebandmusikk med enkle melodiar som er lette å hugse og lette å syngje med på, og tekstane har ingen ambisjonar om å ha noka djupare meining. Vanlege tema er kjærleik, musikk og fest. Gruppa spelar til dans fredagar og laurdagar det meste av året, og likar like godt å spele på grendehus og bygdefestar som på store dansegallaer.
Kjelder
Dænsebandet, offisiell nettstad, http://www.dansebandet.no/ [lesedato 27.10.2010]
«Dænsebandet», biografi frå Norsk pop- og rockleksikon på ballade.no, publisert 6.8.2006,Norsk pop- og rockleksikon, http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006050413034238592355 [lesedato 27.10.2010]
[lesedato 27.01.2015]
Peikarar

Først publisert: 10.01.2012
Sist oppdatert: 27.01.2015