Hopp til innhold
Foto: veslemjuk.com
Foto: veslemjuk.com
X
Innhald

Dei nye kapellanane

Dei nye kapellanane, band der forfattaren Ragnar Hovland er frontfigur. Kapellanane spelar populærmusikk på nynorsk under mottoet «rock & roll med eit menneskeleg andlet».

Gruppa starta som husband i nynorskforlaget Det Norske Samlaget i 1992. Namnet har dei frå Hans E. Kinck si novelle «Den nye kapellanen» (1897). Med i gruppa er forfattar Ragnar Hovland (f. 1952, song, keyboard, munnspel, trekkspel, ukulele-banjo m.m.), rockemusikar og komikar Espen Beranek Holm (f. 1960, song, gitar, tangentar), forlagsredaktør Jan Swensson (f. 1960, bassgitar, song), forlagsredaktør Trygve Åslund (f. 1952, gitar, song) og trommeslagar Øystein Jevanord (f. 1959). Karakteristisk for Dei nye kapellanane sin musikalske profil er den humoristiske koplinga mellom nynorsktradisjon og moderne rocke- og populærmusikk.
Dei nye kapellanane spelar på forfattartilskipingar, firmafestar, julebord, bokmesser, pubar, klubbar og studentkroer. Are Kalvø og Arne Hjeltnes har vore gjesteartistar. I 1998 gav gruppa ut plata «Anarki i Noreg», med to songar som òg finst i «syng sjølv»-versjon. Tittelsporet er ei fri gjendikting av «Anarchy in the UK» (1976) av The Sex Pistols, det andre sporet er «Ivar Aasen og katten hans», som først vart publisert i Ragnar Hovland si diktsamling for barn, Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (1996). I 1999 kom plata «Living next door to Alice Cooper», med mellom anna «Anne-Britt», som den engelske folkrock-gruppa Mungo Jerry gjorde kjend under tittelen «Lady Rose» i 1970-åra.
Kjelder
E-post frå Ragnar Hovland 21.4.2010
Nettstaden til Dei nye kapellanane, www.veslemjuk.com/dnk/evening.html [lesedato 19.4.2010]

Først publisert: 18.05.2010
Sist oppdatert: 21.05.2012