Hopp til innhold
X
Innhald

deLillos

deLillos, norsk popgruppe med songaren og låtskrivaren Lars Lillo-Stenberg som frontfigur. deLillos har fått fleire Spellemannprisar og er rekna som eit av dei viktigaste banda i norsk rock frå 1980-åra og framover.
deLillos, norsk popgruppe med songaren og låtskrivaren Lars Lillo-Stenberg
(f. 1962) som frontfigur.
Fot:  Bamle kommune, flickr.com cc by 2.0
Gruppa platedebuterte med Suser avgårde (1986). Seinare har det kome fleire populære album: I 1993 kom Neste sommer, eit album som vart den store yndlingen til både kritikarane og platekjøparane det året. Vidare kom albuma Sent og tidlig (1995), Stakkars (1997), Kast alle papirene (1999), Midt i begynnelsen (2002), Huskeglemme (2009), Trist å være glad (2011) og Vi er på vei, vi kanke snu (2012).
deLillos har fått fleire Spellemannprisar og er rekna som eit av dei viktigaste banda i norsk rock frå 1980-åra og framover. Både Lillo-Stenberg, bassisten Lars Beckstrøm og gitaristen Lars Lundevall har gitt ut soloalbum.

Video: deLillos - Nationaltheatret:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.10.2013
Sist oppdatert: 04.10.2013