Hopp til innhold
X
Innhald

Di Derre

Di Derre, popgruppe med Jo Nesbø som frontfigur. Di Derre vart danna i Molde i 1990 med brørne Jo og Knut Nesbø (1961-2013), Magnus Larsen og Sverre Beyer (1958–2002). Espen Stenshammer har vore medlem sidan 2002.
 
Gruppa syng på norsk og fekk gjennombrot med songen 90-metersbakken i 1992. Jenter er den mest kjende songen deira. Di Derre var ei av dei mestseljande popgruppene i 1990-åra.
 
 
Jo Nesbø i Di Derre. Foto: Bamle kommune, flickr.com CC BY 2 0
 
Sjå video: Di Derre: Jenter
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.10.2013
Sist oppdatert: 04.10.2013