Hopp til innhold
X
Innhald

Diaz

Diaz, rappartist frå Jessheim, som gav ut tre album og hadde suksess med eit rånete image i songar som «Jessheim» og «Stikking».

Det fulle namnet hans er Andres Rafael Diaz Rosa, fødd 26. juli 1976 i Nannestad. Diaz har vore aktiv på hiphop-scena sidan midten på 90-talet, ofte i samarbeid med produsenten Tommy Tee. Tee og Diaz heldt seg til engelsk av di dei meinte rapp på norsk ikkje flaut. Det første soloalbumet til Diaz, 2050 (2000) kom ut nett då rapp på norsk nådde ein popularitetstopp, men selde skuffande lite. Videoen «La vida loca» vart derimot nominert til Spellemannpris.  
Neste plate, Velkommen hjem Andres (2003), var på norsk. Fleire av songane vart hits, mellom dei «Jessheim», ei hylling til harry-kulturen Diaz kjem frå, og «Hvem er denne karen», ein ganske typisk rapp der Diaz skryter av at han er betre til å rappe enn nokon annan. Videoen til denne kan ein sjå som ein sjølvironisk kommentar til kontrasten mellom glamorøse rapp-videoar og grå norsk røyndom: Diaz sit i ei grå norsk gate og ventar på bussen. Denne videoen vart nominert til Spellemannprisen, og albumet vart nominert i klassen for hiphop-album. 
Diaz hadde forskjellige jobbar før og under rappkarrieren, mellom anna i eit pizzakjøkken og eit eventbyrå, men hausten 2005 starta han på eit studium i marknadsøkonomi ved Handelshøgskolen BI, og då tredjealbumet Jessheimfanden ikkje vart nokon storsuksess, la han opp og konsentrerte seg om studia. Siste framstøyt på platemarknaden er ein gjesterapp på Tommy Tees Spellemannpris-vinnande album frå 2009, Studio Time.
 
Kjelder
Øyvind Holen: Hiphop-hoder. Oslo 2004.
Hazel Valborgland: «Fra pizzabaker til hiphopkjendis», Samora nr. 4/2003
«Diaz», Biografi frå Norsk pop- og rockleksikon på ballade.no, publisert 6.8.2006, http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006050411375495462577 [lesedato 26.10.2010]
Peikarar

Først publisert: 10.01.2012
Sist oppdatert: 10.01.2012