Hopp til innhold
X
Innhald

Dollie de Luxe

Dollie de Luxe, norsk pop-duo med Benedicte Adrian Mouton (f. 1963) og Ingrid Bjørnov (f. 1963). Duoen slo gjennom i 1980 med eigenkomponert pop.

Songen Lenge leve livet vann den norske finalen i Melodi Grand Pris i 1984.
 
Dollie De Luxe eksperimenterte mellom anna med samansetjingar av klassisk rock og opera. Rockoperaen Which Witch (1987) vart sett opp i London i 1992. Vidare kom musikalen Henriette VIII og hennes seks ektemenn (1995). Dollie de Luxe gav ut fleire plater, og seinare har dei gitt ut plater kvar for seg.
 
Sjå video frå den internasjonale finalen i 1984 Lenge leve livet
 
 
 
 
 
Sjå opptak frå framsyninga Which Which
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2013
Sist oppdatert: 05.11.2013