Hopp til innhold
X
Innhald

DumDum Boys

DumDum Boys, norsk rockeband frå Trondheim  som oppstod under namnet Wannskrækk i 1978. Bandet syng på norsk og særleg låtskrivar Kjartan Kristiansen har vore ein pådrivar for dette og har gitt bandet ein eigen stil. 
 
Pressefoto www.dumdumboys.no

I starten var DumDum Boys eit punkband, og medlemmene frå starten var mellom andre vokalisten Prepple (Per Øivind) Houmb og gitaristen og låtskrivaren Kjartan Kristiansen. Dei albumdebuterte som DumDum Boys med Blodig Alvor Na Na Na Na Na i 1988. sidan kom ei rekkje plater, mellom anna Splitter Pine (1989), Pstereo (1990) og Totem (1998)
Frå slutten av 1980-åra vart dei eit av dei viktigaste og mestseljande rockebanda i Noreg og har vore på ei rekkje turnear.
DumDum Boys fekk Spellemannprisen for dei tre første albuma samt Årets spellemann i 1992 Musikkfestivalen Pstereo i Trondheim er oppkalla etter DumDum Boys-plata Pstereo.

 

Foto: Thomas Søbstad, NRK Lydverket CC BY 2 0

Bandet er framleis aktivt og er samansett av Prepple Houmb, Kjartan Kristiansen, Aslak Dørum og Sola Jonsen.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2013
Sist oppdatert: 07.12.2018