Hopp til innhold
X
Innhald

Elektrisk Regn

Elektrisk Regn, eller berre El Regn, rockeband frå Bergen som har vore aktivt sidan 1978, har gitt ut tre album og etablert seg som eit kult-band.

Den einaste som har vore med heile tida, er songskrivar, gitarist og vokalist Sven Johan «Dennis» Reksten. Reksten er ein institusjon i rockemiljøet i Bergen som lyd- og lysteknikar, konsertansvarleg på rockeklubben Garage, musikar og entusiast. Tekstane hans er på gatebergensk, samfunnsengasjerte og svart humoristiske. Mange handlar om utskota i samfunnet, som narkomane, nazistar og krigsseglarar. Musikken er melodiøs new wave-rock med ein god del bruk av keyboards. Ei inspirasjonskjelde er Elvis Costello.
Gruppa platedebuterte i 1982 med albumet Steinbyen, som vart eit samlarobjekt, kom ut på CD i 1994 og har vore i sal sidan. «Naboen er nynazist» frå denne vann BT-kåringa av «beste vestlandshit» i 2002. Det har gått lang tid mellom kvar ny plate, ettersom alle gruppemedlemene har andre jobbar og er musikalsk aktive i andre samanhengar. Den siste utgivinga var supportersangen «Oslo By» for Brann i 2006.
Kjelder
«Elektrisk Regn», biografi frå Norsk pop- og rockleksikon på ballade.no, publisert 6.8.2006, Norsk pop- og rockleksikon, http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006050414083883781185 [lesedato 21.10.2010]
 
Peikarar
Konsertmelding, bt.no 15.12.2008

Først publisert: 10.01.2012
Sist oppdatert: 10.01.2012