Hopp til innhold
Plateomslag av «Jordbær og grasbrann»
Plateomslag av «Jordbær og grasbrann»
X
Innhald

Fabel

Fabel er ei visepopgruppe frå Nordfjord som gav ut fire plater frå 1996 til 2001.

Gruppa vart starta i 1991 då bandmedlemene gjekk på musikklinja på Firda vidaregåande skule saman. Gruppa hadde opphavleg sju medlemer, men dei fem som vart med vidare etter første plata, var Odd Erik Lothe (f. 1972, song, gitar og songforfattar), Roger Allan Ivin (bass og kor), Laila Beathe Førde (saksofon, fløyte og song),  Fred Noralf Os Stave (gitar) og Knut Lothe (trommer og kor). Lothe skreiv tekstar på nynorsk. Gruppa fekk snøgt platekontrakt, og slo igjennom med «Jordbær og grasbrann» frå den første plata.
Den mest populære songen, «Sykkeltur», er ein sommarleg kjærleikssong, omkvedet går «Du er søt som blåbærsaft». Gruppa har eit mjukt, radiovenleg lydbilete, og vokalen ligg lengst fram, innsmigrande og mest kviskrande.
Gruppa tok ein pause i 2002, men i 2007 kom eit nytt Fabel-album, Fabel07, og «Epleslang» frå dette kom på Norsktoppen. No var gruppa ein duo med Odd Erik Lothe og Torbjørn Ellingsen, og etter utgivinga endra dei litt på gruppenamnet og kalla seg Fabel07.
Gruppa vart nominert til Spellemannprisen i 1997 og fekk Fylkeskulturprisen av Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2002. I 2010 laga Lothe og Ivin ein radioserie om Fabel-songar som aldri kom på plate, «Ukjende Fabel» på NRK Sogn og Fjordane.
Kjelder
«Fabel», Biografi frå Norsk pop- og rockleksikon på ballade.no, publisert 6.8.2006, Norsk pop- og rockleksikon, http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006050415082567617303 [lesedato 21.10.2010]
«Fabel», NRK Sogn og Fjordane, fylkesleksikon, nrk.no/sf/leksikon, http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Fabel [lesedato 21.10.2010]
Fabel07, offisiell nettstad, http://www.myspace.com/fabel07 [lesedato 21.10.2010]
 
Peikarar
Platemelding av «Flørt», dagbladet.no 2.12.1997 
Platemelding av «Smil», dagbladet.no 19.2.2002
Platemelding av «Fabel07», sognavis.no 20.7.2007
«Fabel-comeback skaper konfliktar», intervju i sognavis.no 3.6.2007

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 11.01.2012