Hopp til innhold
Foto: Pressebilete fliflethamre.no
Foto: Pressebilete fliflethamre.no
X
Innhald

Fliflet/Hamre

Fliflet/Hamre, musikarduo med trekkspel, perkusjon, song og humor. Med bakgrunn i folkemusikk og jazz kryssar Fliflet/Hamre dei fleste musikalske tradisjonsgrenser.

Fliflet/Hamre har eksistert som duo sidan 1991, først under namnet Fliflet/Hamre Energiforsyning. Gabriel Fliflet (f. 1958) spelar trekkspel og syng, Ole Hamre (f. 1959) er perkusjonist. Frå basen i Bergen har duoen turnert i inn- og utland, på jazz- og folkemusikkfestivalar, og er blitt lagd merke til for musikalitet, speleglede og kvalitet. Varemerket er leikne og vitale musikalske kollasjar av bergensviser, religiøse folketonar, finsk tango, tex-mex, balkanrytmar og mykje meir. Plata «Ivar Aasen goes Bulgaria» (1994) er representativ for humoren og for tradisjonsblandinga i musikken deira.
På Vossajazz i Ivar Aasen-året 1996 hadde Fliflet/Hamre ansvar for festframsyninga «Energivar», der mellom anna forfattaren Ragnar Hovland, joikaren Ingor Ántte Áilu Gaup, kvedaren Halvor Håkanes og den danske musikaren Peter Bastian var gjester. Samarbeid med framståande musikarar er karakteristisk for Fliflet/Hamre, mellom anna har Odd Nordstoga, Annbjørg Lien, Frode Alnæs og Runar Gudnason vore gjesteartistar hos dei. Duoen har òg gitt ut platene «Gabriole» (1999), der Kari Bremnes og Jan Eggum er med, og på «Eine kleine Kraftmusik» (2004) er Knut Reiersrud gjest.
I 1996 laga duoen serien «Fliflet/Hamre Kraftakvarium» for NRK. Før jul kvart år arrangerer dei «Fliflet/Hamre morer julen inn» i Bergen, med musikalske gjester, allsong og kåring av «Årets julekvedar».
Kjelder
E-post frå Gabriel Fliflet 11. juni 2010
Nettstaden til Fliflet/Hamre, http://kunst.no/flimre/ [lesedato 8.6.2010]
Peikarar
Fliflet/ Hamre, nettstad

Først publisert: 16.09.2010
Sist oppdatert: 30.09.2011