Hopp til innhold
Foto: Lisbeth Michelsen
Foto: Lisbeth Michelsen
X
Innhald

Folk & Røvere

Folk & Røvere, oslobasert, norskspråkleg trip-hop/elektronika-band.

Folk & Røvere blei danna i 1994. Hjernen bak bandet er låtskrivar og vokalist Ulf «Ulph» Nygaard. Ein tidleg versjon av bandet inkluderte Øyunn Bjørge som vokalist, og i 1994 vann dei prisen for årets demo i NRK Petre. Debuten Vi som ikke har opplevd krigen, kom i 1996, då med Beate Slettevold Lech som vokalist. Ho var òg med på Kaustisksoda, som kom i 1997, og som gjorde at bandet vekte merksemd med kombinasjonen av tidsriktig trip-hop og nynorske tekstar. Slettevold Lech gjekk etter dette over til sitt eige prosjekt Beady Belle. Nygaards kviskrande, behagelege vokal kjenneteiknar musikken til Folk & Røvere, og tekstane er ofte knytte til Oslo, klubbliv og sommar.
Nygaard har seinare hatt med seg ei rekkje gjestevokalistar og musikarar både live og på plate, mellom anna Maria Solheim, Saint Thomas og Arne Scheie. Fleire av singlane til bandet, til dømes «Yess!» og «Dust» blei spelte mykje på radio, men det store gjennombrotet kom med låten «Utadæsjælåpplevelse» frå albumet Bagateller (2003), der Ivar Christian «Ravi» Johansen var vokalist. Låten blei nominert til årets låt og årets video under Spelemannsprisutdelinga i 2004. Bandet har seinare fått eit mørkare uttrykk, og Lysrædd, som kom i 2008, er meir melankolsk og dystert enn dei tidligare albuma. I 2011 kom albumet Fremmede, med Therese Lech, systera til Beate Slettevold Lech, som vokalist.
Ulf Nygård har òg eit engelskspråkleg sideprosjekt som blir kalla Flunk.
Kjelder
Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen: Norsk pop- og rockleksikon. Oslo 2005
«Folk & Røvere», ballade.no, publisert 06.08.2006, http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006050416123848964980 [lesedato 16.09.2010]
Pål M.: «Hipp og kul på Løkka-beats», plateomtale, groove.no, publisert 11.05.2003, http://www.groove.no/html/review/35427419.html [lesedato 16.09.2010]
Peikarar

Først publisert: 16.09.2010
Sist oppdatert: 19.04.2012