Hopp til innhold
 Gatas Parlament. Foto: NRK P3, flickr.com CC BY NC SA 2.0
Gatas Parlament. Foto: NRK P3, flickr.com CC BY NC SA 2.0
X
Innhald

Gatas Parlament

Gatas Parlament er ei kommunistisk hiphopgruppe frå Oslo, som var dei første til å gi ut norskspråkleg rap. Dei har ofte fått mykje mediemerksemd for dei sterke meiningane sine.

Gatas Parlament vart skipa i 1993 av brørne Elling (f. 1975) og Aslak Borgersrud (f. 1978), saman med Martin «Don Martin» Raknerud (f. 1978). Alt året etter gav dei ut EP-en Autobahn til union, som eit innlegg for neisida i EF-kampen, og gruppa vart med dette den første norskspråklege rapgruppa på plate. I 2002 gav Gatas Parlament ut det første albumet sitt, Holdning over underholdning. Plata vart godt motteken og fekk Alarmprisen for beste hiphopalbum i 2003.
 
Trioen har spela over tusen konsertar så langt og har ord på seg for å vere eit svært godt og engasjerande band på scena. I tillegg til sine eigne turnear spelar dei ofte for politiske saker, til dømes for antirasisme og nei til EU. Dei har gitt ut ei rekkje singlar, EP-ar og gatealbum, og dessutan albuma Fred, frihet og alt gratis (2004), Kidsa har alltid rett (2008) og Apocalypso (2008).
 
Public Enemy møter Vømmøl Spellmannslag
Brørne Borgersrud vaks opp i ml-rørsla og vart sjølve tidleg aktive i Raud Ungdom. I barndomsheimen fekk dei høyre revolusjonære kampsongar og norske viser, men på slutten av åttiåra oppdaga dei hiphop og vart særleg fascinerte og inspirerte av den sterkt politiske og kontroversielle rapgruppa Public Enemy frå USA.
 
Brørne debuterte på scenen i Blitz-huset i Oslo i 1993, der dei framførte éin låt. Kort etter vart Don Martin med som DJ, og dei begynte å spele så ofte dei kunne, både på hiphoparrangement og ved politiske markeringar. Men på denne tida rappa så godt som alle andre på engelsk. Rap på norsk fanst berre i nokre fjernsynsreklamar og i popmusikk, til dømes gruppa Ute Til Lunch. Derfor, og på grunn av dei politiske meiningane deira, vart dei ikkje aksepterte av det etablerte i hiphopmiljøet i Oslo. Men dei inspirerte òg ein del heilt nye til å begynne med rap, til dømes Klovner i Kamp, som seinare gav ut det første norske hiphopalbumet i 2000. Don Martin forlét bandet i 1998, men kom tilbake kort etter debutalbumet. I dag er han både DJ og rappar i bandet.
 
Spesielt for Gatas Parlament er at dei kombinerer det sterke politiske engasjementet med ironi, humor og lystig humør. Med ein munter rappestil og ei inkluderande og positiv haldning, skil dei seg frå dei aller fleste politiske rapgruppene i verda i dag.
 
I lag med det trønderske skabandet Hopalong Knut, etablerte Gatas Parlament i 2006 gruppa Samvirkelaget. Året etter gav den nye gruppa ut det einaste albumet sitt, Musikk, og turnerte over heile Noreg. I 2009 kom den første biografien om norsk hiphop. Gatas Parlament. Røverhistorier og raptekster er både gruppa si historie frå 1993 til 2009, skriven av rapparane sjølve, og ei samling av alle tekstane deira så langt.
 
Kontroversar
Gatas Parlament sine sterke politiske meiningar og aksjonsmetodar har gitt dei mykje merksemd, og dei har ved fleire høve vorte melde til politiet. Under ein konsert i Oslo i 2000, der Kronprins Haakon var til stades, gjekk dei på scena og fekk heile salen til å rope ukvemsord mot prinsen. Grunnen var ikkje anna enn at prinsen var til stades, og at Gatas Parlament er imot monarkiet. Kronprins Haakon forlét salen, og saka fekk store oppslag i avisene.
 
I samband med USAs krig i Irak oppretta gruppa i 2004 ei nettside med adressa www.killhim.nu. Bodskapen var at den dåverande amerikanske presidenten, George W. Bush, burde drepast, og at folk via nettstaden kunne donere pengar som skulle gå til ein leigemordar. Ifølgje gruppa var det meint som ein alvorleg spøk, men ikkje alle tykte det var like morosamt, og den amerikanske ambassaden i Oslo melde rapparane til politiet. Hendinga fekk enormt mykje merksemd både i inn- og utland, men saka vart seinare lagd bort av politiet.
 
Kjelder
Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop- & rockleksikon. Oslo 2005
Don Martin, Elling Borgersrud og Aslak Borgersurd: Gatas Parlament. Røverhistorier og raptekster. Oslo 2009
Øyvind Holen: Hiphop-hoder. Oslo 2004
 
 
Peikarar
Heimesida til Gatas Parlament

Først publisert: 26.01.2010
Sist oppdatert: 22.05.2013